h1

Endring i programmet

november 3, 2009

Grunna for få påmeldte innan 1. november vart vi nødt til å avlyse konserten med Seraf. Dette er veldig trist – men vi såg ikkje noko anna løysing. Vi har heldigvis fått Radiate (lovsangsteam fra Pinsekirken Bergen) til å spele for oss på laurdag kveld kl 23.00 i staden. Det blir ei Lovsangsnatt uten like med fullt trøkk! Veldig bra at dei kunne stille opp på kort varsel! For dei som ikkje er påmeldte kostar denne Lovsangsnatta 50 kr. Ikkje gå glipp av dette! Det går an å sjå ein musikkvideo av/med Radiate her: Tune of his glory!

h1

VIKTIG MELDING TIL DEG SOM VIL KOMME

oktober 28, 2009

Dersom du vil vere med heile laurdag MÅ du melde deg på! Det kostar 200 kr.

Dersom du vil vere med heile helga MÅ du også melde seg på! Det kostar 400 kr.

Sjå meir info under linken Praktisk INFO.

Påmelding er VELDIG VIKTIG for oss. Viss vi ikkje har nok påmeldte må vi vurdere om det er enkelte ting vi må kutte ut, fordi det kostar pengar. Då blir ikkje festivalen slik vi eller de har tenkt. Det er kjempedumt, for vi veit det er mange som har sagt dei vil kome, men som ikkje har meld seg på.

Dersom du har tenkt deg på kveldsmøte og konsert, så er det beroligande for oss om du sender oss ein mail om det også. Men her er det ikkje krav til noka påmelding. kulminasjon@gmail.com

h1

Flest mogeleg påmeldte innan 1. november!

oktober 25, 2009

Du KAN IKKJE gå glipp av denne herlege helga!

Ei helg med JESUS i fokus!

Seminar med Rudi Myntevik!

Konsert med Seraf ! (Norkirkens lovsangs- og gospelkor)

Spennande ‘ut på gata’-seminar med Veien Bibelskole! (Kristkirken)

Radiate (Pinsekirken), Rudi Myntevik og Ostereid-gutane (Nordhordland Indremisjon) leder oss i lovsangen!

Spanande forkynnelse ved Arnt Jakob Holvik (Os-fellesskapet) Øystein Lie (Jesus-fellesskapet Voss) Kjartan Gullbrå (Vaksdal Indremisjon) og Karen Sofie Aasmyr (Nordhordland Indremisjon)!

Med andre ord – virkelig ei felles satsing for Guds menighet i bygd og by!

Melder du deg på innan 1. november er du med i trekninga av gratis mat heile helga (verdi 100 kr) !

laughing-jesus

h1

Diverse info lagt ut

oktober 24, 2009

Du kan no finne diverse praktisk informasjon på sida: Praktisk INFO i margen til høgre.

Her finn du info om kva deltakaravgifta dekkar, og kva du bør ha med deg.

Hugs å meld dykk på folkens!

Me blir veldig glade om dei fleste påmeldingane har kome før 1. november! Det betyr: snarast mogeleg!

h1

MELD DEG PÅ NO!

oktober 23, 2009

Du kan melde deg på Kulminasjon på KUL i kveld, 23. oktober.

Påmeldinga er bindande – så spør heime først. Betalinga skjer når du kjem på festivalen, den 6. november.

Nokon syns det kostar litt mykje. Begynn å spare! Utgiftene dekker det det kostar å leige lokale, eit bra lyd-/og lydutstyr og flinke folk til å styre det, samt anna utstyr vi treng til seminar, honorar til dei som har konsert, og til å skysse nokre av dei som kjem langvegs frå og har opplegg på festivalen. Vi trur de får igjen mykje for pengane!

Elles info om påmelding: HER

h1

20 dagar igjen!!!

oktober 15, 2009

No er det like før det brakar laus!

Derfor er det viktig at nettopp DU melder deg på NO!

Vi lover deg ei helg med mykje moro, og ein strålande mulighet til å bli kjent med ein haug med nye folk. No har programmet kome ut her på sida, så det er berre å sjekke ut.

Vi får snart oversikt over alle seminara – men vi veit allerede no at det blir VARIERT. Me gler oss spesielt til å få besøk av artisten og låtskrivaren Rudi Myntevik, som skal ha seminar om kristen musikk og lovsang. Det trur vi blir kongebra!

På fredag kveld og laurdag morgon skal Radiate frå Pinsekirken Bergen lede oss i lovsangen, og laurdag kveld og søndag blir det eit herlig lovsangsteam frå Nordhordland som leder oss. (Rudi tar nok også gitaren fatt og leder lovsangen på lørdag kveld!)

Det viktigaste med Kulminasjon er likvel ikkje alle desse folka som står på scena- men at Jesus er der og vil ha eit forhold til deg! Dette er det vi drømmer om:

Vi vil at menneske skal bli møtt med Guds kjærleik og bli etterfølgjarar av Jesus Kristus.

h1

Ver med og be!

juli 9, 2009

Kulminasjon_bmp-for-web

 

Vi gler oss til at  KULMINASJON 09 skal av stabelen 6. – 8. november, og vi ser fram til at vi skal kome saman. Vi trur at Kulminasjon vil bli ein Jesus-fest utan like der vi kan bli betre kjent med vår Pappa i himmelen. Det blir gøy å sjå deg kome på fesivalen! Sidan vi er godt i gong med førebuingane til Kulminasjon betyr det at vi treng deg som støtte. Fyrst og fremst kan du vere med og be! Vi trur at eit rettferdig menneske si bøn har stor kraft og verknad. Difor er det viktig at du er med å be. Utan at vi er med på det Gud gjer blir ikkje Kulminasjon noko viktig, men saman med Gud kan store ting skje.

Vi treng også økonomisk støtte. Om du vil bli fast gjevar eller berre gje eit eingongsbeløp er opp til deg. Du kan i tilfelle berre sende ein e-post til kulminasjon@gmail.com

Må Guds glede og kjærleik fylle deg <3

h1

Gjer deg klar for eit nytt høgdepunkt!

juli 9, 2009

Velkommen til bloggesida til Kulminasjon 09! Etter kvart som vi oppdaterer dei andre sidene her med program, info o.l. skal vi legge ut beskjed om det her. Så det er berre å følge med!

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.